Hopp til hovudinnhald

Mening, mat og mot – i Lom

Tysdag 25. februar blir det stort folkemøte på Utgard fleirbrukshus i Lom. Eit koppel av lag og foreiningar inviterer til tema om mat, beredskap og levande lokalsamfunn.

NB! Arrangementet har funne stad
Utgard fleirbrukshus / Lom Gudbrandsdalsmusea
25. feb. 2025
18.00 – 22.00

Folkemøte er ein del av folkerørsla Mening, Mat og Mot. Fleire kjende og engasjerte politikarar og samfunnsaktørar deltek. Mellom andre desse:

  • Robert Mood – tidlegare generalløytnant og president i Norges Røde Kors
  • Anders Nordstad – mytekverkar og siviløkonom 
  • Pål Talmo – forsyningsansvarleg for Ørland Flystasjon og Kampflybase
  • Per Olaf Lundteigen – stortingspolitikar (SP) 
  • Edel Urstad – grunnleggar og leiar av folkerørsla Mening, Mat og Mot og sivilagronom i internasjonal matsikkerheit

Det blir servert varm mat til alle som kjem, og alle får kaffi og kake i pausa. Arrangementet er gratis og ope for alle.

Velkommen!

  • Mening, mat og mot
    1/1
    Mening, mat og mot
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2