Hopp til hovudinnhald

Konsert | Sigrid Moldestad | Med kjærleik frå Breim

Sigrid Moldestad legg for fyrste gong ut på ein akustisk soloturné, og eitt av stadane ho skal vitja er Jutulheimen i Vågå - med to konsertar same kveld!

NB! Arrangementet har funne stad
Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
06. juli 2024
18.00 Utseld
06. juli 2024
20.30 Få billettar

18:00 Fyrste konsert - utseld
20:30
Ekstrakonsert!

Med kjærleik frå Breim. Konserten tek utgangspunkt i bokplata "Breim" som kom ut i haust. Det blir personlige historier, poesi, slåttar og songar. Eit nært møte med musikk ho har sitt hjarte i. Sigrid inviterer publikum til unike små spelestader som kler både musikken og felefortellingane ho har med seg.Sigrid Moldestad er kjend for si sterke formidling. Enten det er folkemusikk eller eigne tekstar og songar. 

Ho har gjeve ut 7 soloalbum, dei to siste kom i 2023: "Regndråpeborna" med barnedikt av Jan-Magnus Bruheim og folkemusikkplata "Breim". Ho fekk spellemannsprisen for den første soloplata si "Taus" i 2007 som handla om musikk etter kvinnelige felespelarar på Nord-vestlandet.

Ho har motteke ei rekke andre prisar og utmerkingar for arbeidet sitt - og investert mykje tid i prosjektet "Pederhuset" i heimbygda Breim. Prosessen med å restaurere det gamle spelemannshuset vart mellom anna ein tv-dokumentar på NRK. Sigrid Moldestad har i tillegg til musikken jobba som skodespelar i fleire produksjonar i på Det Vestnorske Teateret, Teater Vestland og Den nasjonale scene i Bergen.

Billettprisar: 

350,- for voksne | 150,- for barn under 18 år

Arrangør: Jutulheimen Vågå bygdemuseum og FKP Scorpio Norge

  • Sigrid Moldestad
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2