Mona Levin har vore knytt til kulturredaksjonen i Aftenposten i meir enn 50 år. Ho har gjeve ut eit dusin bøker, har vore redaktør av magasinet KlassiskMusikk, og ho er ein ofte brukt foredragshaldar.
Mona Levin er norsk jøde, busett i Sandefjord, og engasjerer seg i mellom anna debattar om minoritetane i Noreg og framveksten av antisemittismen. Noko av dette blir også tema i foredraget i Gudbrandsdalsmusea.
Den jødiske kulturen er ein av fleire nasjonale minoritetar i Noreg, og er slik viktig del av den norske kulturhistoria, i likskap med annan minoritetskultur, seier arrangørane.
Musea skal belyse alle sidene av kulturen – dei gode forteljingane men og dei vanskelege. Musea skal vere ein arena for debatt og kunnskapsbygging – også når grunnleggjande verdiar står på spel, seier avdelingsleiar på Lesja bygdemuseum, Knut Aastad Bråten.
Mona Levin har skrive ei rekke bøker, mellom dei tre store biografiar: Med livet i hendene (Cappelen 1984), der ho førte i pennen faren, Robert Levin sine erindringar, Wenche Foss. På livets scene (Gyldendal 1992/2007), Arne Næss jr. – Granitt og regnbue (Gyldendal 1995) og ikkje minst Mors bok – en familiesaga om mora og hennar historie (Kagge forlag 2015),
Foredraget blir i festsalen på Lesja bygdemuseum, torsdag 3. april kl. 19.00. Arrangementet er støtta økonomisk av Fritt Ord.
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea – i samarbeid med Gudbrandsdal krigsminnesamling.