Kvar: Thon Partner Hotel Otta / Ola Dahls gate 7, Otta
Når: Onsdag 4. mars 2026
Pris: Kr 750 (inkludert lunsj)
Påmelding: Hoopla
Tema for årets konferanse er: Villrein og vekst – samspel mellom natur og næring.
Gjennom dagen set vi søkelys på ulike perspektiv og utfordringar for villreinen – og for samfunnet rundt. Korleis sikrar vi god forvalting av fjellressursane – til beste for menneske, næring og natur? Kan vi einast om ein felles veg?
Dagen blir til med bidrag frå eit koppel av meiningssterke og kunnskapsrike aktørar innanfor forvalting og miljøvern, forsking og reiseliv. Det blir samtale og foredrag, debatt og kunnskapsdeling.Konferansen er ein møteplass for alle med interesse for tema om villrein.
Nasjonal villreinkonferanse er støtta økonomisk av Miljødirektoratet, Sparebank 1 Gudbrandsdal og Sparebank 1 Lom og Skjåk
PROGRAM
Klokka 0830–0900
Kaffi, registrering og småsnakk
Klokka 0900–0930
Velkomen
Opning ved Eldri Siem – ordførar i Sel kommune
Helsing frå klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen
TEMA 1 // ER DET EI FRAMTID FOR REINEN?
Klokka 0930–1015
Gjennom meir enn 500 000 år har store flokkar av vandrande rein halde liv i menneska når veret var som tøffast. I dag kan ein stadig varmare klode og tap av leveområde føre til at reinen står i fare for å forsvinne heilt. No er det den som treng hjelp frå menneska.
Reidar Andersen bur i Trondheim og har vore professor i biologi ved NTNU, direktør for Statens naturoppsyn og direktør for NTNU Vitskapsmuseet. Han har skrive ei rad populærvitskaplege bøker med naturfagleg tematikk.
Klokka 1015–1045
Auka menneskeleg aktivitet og arealbruk påverkar villreinens leveområde. Korleis kan vi ivareta villreinfjellet inn i framtida?
Vegard Gundersen er seniorforskar i NINA og arbeider med samanhengen mellom friluftsliv, arealbruk og omsyn til natur og biologisk mangfald.
Klokka 1045–1100
Beinstrekk
Klokka 1100–1130
I fleire ordskifte blir det mana til ei meir skånsam forvalting av naturen. Trass i engasjement held naturtapet fram med nedbygging og auka menneskeleg ferdsel. Engasjerer vi oss for lite for naturen og kulturlandskapet? Er det på tide å ta i bruk andre, sterkare verkemiddel?
Marit Beate Kasin er journalist og sakprosaforfattar med særleg kompetanse innanfor miljøspørsmål, arealbruk og naturforvalting. Ho har lang erfaring som politisk journalist og har leia graveprosjektet Hytteparadokset, om miljøkonsekvensane av hytteutbygginga i Noreg.
Klokka 1130–1200
Prisutdeling: Prisen Reinrosa blir i år delt ut for fyrste gong – i regi av foreininga Bevar villreinen i Rondane. Nasjonal villreinkonferanse er glad for samarbeidet med foreininga.
Klokka 1200–1300
Lunsj
TEMA 2 // KOMMUNIKASJON OG NY BODSKAP
Klokka 1300–1330
Med utgangspunkt i ekspedisjonar og friluftsliv rundt om i verda deler influensar og friluftsmann Stian Opsahl – også kjent som Stian på stien – tankar og perspektiv om formidlinga av ein sårbar natur. Kva skjer når kjente influensarar og reiselivsdestinasjonar lokkar turistar og andre inn i fjellheimen? Korleis kan vi dele turglede på sosiale medium utan å bidra til slitasje av sårbare område?
Stian Opsahl er filmskapar og føredragshaldar – og friluftsmann. Stian brukar plattformene sine til å formidle ekte turglede, både lange og korte turar.
Klokka 1330–1415
Ord, bilete og forteljingar i reklame og på sosiale medium påverkar korleis fjellet blir brukt, og kor mange som trakkar inn i dei sårbare fjellområda. I samtala ser vi på korleis ansvarleg kommunikasjon og marknadsføring kan bidra til verdiskaping, samstundes som sårbare artar og verna område blir tekne vare på.
I sofaen:
Martin Amble Ruge, filmmakar frå Bortelaget / Dovre
Stian Opsahl, influensar frå Stian på stien
Sten Hansson, reiselivsdirektør i Rada Reiseliv
Cecilie Asp, vert på Formoseter / Høvringen
Ordstyrar: Knut Aastad Bråten
Klokka 1415–1430
Beinstrekk
TEMA 3 // BALANSEGANG OG NASJONALT ANSVAR
Klokka 1430–1500
Naturen er leveområde for reinen – og matkammer for menneska. Slik har det vore i all tid. Men korleis skal vi bruke og utnytte ressursane i fjellet framover, når menneskeleg aktivitet påverkar reinen negativt?
Arne Brimi er kokk og formidlar av norsk matkultur. Arne har eit brennande engasjement for tradisjonsmat, lokale ressursar – og ressursutnyttinga i fjellet.
Klokka 1500–1530
Korleis sikrar vi berekraftig og bruksretta besøksforvaltning i og rundt verneområda? Og korleis kan samarbeid på tvers av fag, sektorar og forvaltningsnivå gje betre dialog, færre konfliktar og meir heilskapleg forvaltning?
Hanne Lykkja har i 15 år arbeidd med berekraftig og bruksretta besøksforvaltning i nasjonalparkar med reindrift og i villreinområda Norefjell-Reinsjøfjell, Oksenhalvøya og Nordfjella. Det siste året har ho vore besøksforvaltar i Hemsedal kommune med pilotprosjekt der planlegging og tiltak i og inntil villrein- og reindriftsområde også inngår.
Klokka 1530–1615
Korleis kan vi utvikle opplevingar i fjellet utan å miste det som gjer fjellet verdifullt? Velkomen til sofasamtale med aktørane i fjellet. Tema: Ny bruk av fjell og utmark.
I sofaen:
Jan Helge Nordby, regionssjef i Statsskog
Henning Hoff Wikborg, DNT Oslo og omegn
Torbjørn Kvien Madsen, iNatur
Ordstyrar: Knut Aastad Bråten
Klokka 1615–1630
Fritt fram? Allemannsretten sikrar fri ferdsel i fjellet, men er det ein rett som står for fall? Og er det gjeve at du kan gå og ferdast der du vil? Avsluttingsord om natur og tilgjenge ved Geir Arne Hageland, dagleg leiar i Funkibator.
Gjennom arbeidet i Funkibator formidlar Geir Arne Hageland frå Dovre sterke perspektiv på inkludering, meistring og deltaking, med erfaringar frå eige liv.
Klokka 1630
Takk for i dag – og vel heim!
Påmelding, pris og overnatting
Kvar: Thon Partner Hotel Otta / Ola Dahls gate 7, Otta
Når: Onsdag 4. mars 2026
Målgruppe: Alle med interesse for reinen og fjellet, bevaring og utvikling
Pris: Kr 750 (inkludert lunsj)
Påmelding: Hoopla
Påmeldingsfrist: 25. februar
Overnatting: Thon Partner Hotel Otta / 61 21 08 00
Arrangør: Villreinarven
- 1/1
Per Jordhøy