Hopp til hovudinnhald

Nationen | Eit skjold mot krisa

Når tonen hardnar til, må vi lære av historia.

Teksten har tidlegare stått på trykk i Nationen

Ein ny tone

Fyrst var det mangfaldet. Så skulle alle snakke om berekraft. I dag handlar det meste om beredskap. Verda endrar seg – og med den: Orda og språket.

Vi fyller orda med ulikt innhald alt etter kven vi er og kva som opptek oss. I ditt hovud handlar beredskap om auka militær aktivitet, om våpen og ny teknologi. Ein gardbrukar vil framsnakke matforsyninga – og at samfunnet må legge meir til rette for nettopp det. Helse og samferdsel er òg viktige område med sårbar infrastruktur – sektorar som vi må trygge og sikre mot kritiske hendingar. Samfunnsmaskineriets tungvektarar, altså.

Historia gjentek seg. Politikken gjentek seg. Menneska ser ikkje ut til å ha lært så mykje heller. Storpolitikken slår beina under oss. Debatten hardnar til. Tonen mellom statsleiarane gjer meg engsteleg for framtida. Vil eg oppleve krig? Og kva gjer eg om det skjer.

Når andre rustar opp, skal musea hjelpe oss til å sjå konsekvensane av det som skjer.

Ein beredskapskultur

I krisetider må du ta større ansvar for din eigen beredskap. Norske styresmakter tilrår at du kan klare deg sjølv i ei veke. Fram til mai i fjor var eigenberedskapen tre dagar.

«Vi må skape ein beredskapskultur i alle delar av samfunnet», sa dåverande justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp), då Totalberedskapsmeldinga vart lagt fram tidlegare i vinter.

Heile samfunnet skal med, sa Mehl. Så fint, tenkjer eg. Men kor mange kommunar tek kulturlivet med i beredskapsarbeidet i kommunane? Magekjensla mi seier at det er relativt fåe.

Eg kan lite om krig og konflikt. Eg har aldri vore i forsvaret. Har inga skytetrening. Eg veit sant og seie ikkje kva eg kunne brukast til i ein krigssituasjon eller om det braut ut hungersnaud.

Våpen har aldri vore verktøyet mitt. Det betyr ikkje at eg ikkje ynskjer å bidra. Kva slags kunnskapar og innsikter sit eg på som kan kome samfunnet til del – også i ei krisetid?

Galskapen i det totalitære

Dei siste månadane har eg turnert rundt i kommunestyra i Gudbrandsdalen for å framsnakke min eigen sektor. Musea. Kulturen. Kulturarven. Bakgrunnen for det heile handlar om kunnskapsbygging, om styrka samarbeid mellom Gudbrandsdalsmusea og styresmaktene, men òg om finansiering og verdien av kulturelt og menneskeleg medvit – som beredskap for framtida.

Eg har alltid interessert meg for historie og forteljingane frå fortida. Sporet tilbake til ei anna tid. Det som vart sagt, gjort og tenkt den gongen. Menneska, fyrst og fremst, og møta mellom ulike kulturar. Kulturelle prosessar. Truer og skikkar. Verdiane i samtida og haldningane til dei som levde før meg.

Kva tenkte dei om mobilisering og beredskap i 1940? Kva tenkjer unge ukrainarar i Noreg om det same i dag?

For nokre veker sidan gjesta Mona Levin elevane på Lesja skule. Seinare på dagen var det eit ope kveldsmøte for alle. Mona snakka om flukta frå Noreg i 1942, om kva det vil seie å miste alt, men òg om å velje livet.

Mona Levin er norsk – og ho er jøde. I mange år har ho engasjert seg i debattar om minoritetane i Noreg og framveksten av ein ny antisemittisme. Skal vi forstå mekanismane og galskapen i totalitære ideologiar, må vi lære av historia, seier Mona.

Byrje med menneska

Musea sitt samfunnsoppdrag endrar seg. Meir enn nokon gong skal musea verke i samtida, dei skal løfte tema som er relevante og aktuelle, eller tema vi sjeldan og aldri snakkar om. Eit vidløftig oppdrag. Nettopp difor er der så viktig at vi tek det på alvor.

Kampen om sanninga er ein kamp om historiene. Forteljingane frå fortida er ikkje irrelevante, men eit livsviktig kompass i samtida, ein erfaringsbank som vi kan hauste og lære av. Når andre rustar opp, skal musea hjelpe oss til å sjå konsekvensane av det som skjer.

Når verdsleiarane slåst om merksemd og trugar kvarandre med våpen, kan musea hjelpe oss til å sjå samanhengar mellom ord og handlingar, hjelpe oss til å lære av våre eigne feil, hjelpe oss til å bli motstandsdyktige og kritiske medborgarar.

Vi må byrje med menneska, og vi må byrje med dei unge. Saman med Valdresmusea og Randsfjordmuseet skal Gudbrandsdalsmusea arbeide for å styrke ytringskulturen blant unge som fell ut.

Arbeidet er såsmått i gang. Prosjektleiarar skal på plass. Målet er dette: Med demokratisk trening i ung alder, blir det samfunnsmessige engasjementet sterkare i vaksen alder.

Kulturen gir innsikt og kunnskap – slik han òg kan hjelpe deg til å ta gode val – for deg sjølv og for ettertida di.

Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2