Hopp til hovudinnhald

Olsokfeiring i Sør-Fron

Velkommen til innhaldsrik olsokfeiring på Dale-Gudbrands Gard. Det blir taler, vandring, messe og god olsok-kost.

Pilegrimssenter Dale-Gudbrand
Hundorpgeilen 12, 2647 Sør-fron, Norge
29. juli 2026
14.00 – 21.00

Olsok har etablert seg som ein stor folkeleg-religiøs festdag og tradisjon her til lands.

I 2030 feirar vi skikkeleg – 1000 år etter at Olav 2. Haraldsson, seinare kjent som Olav den heilage, fall på Stiklestad. Hendinga markerer kristninga av Noreg, og det la grunnlaget for det moderne Noreg vi kjenner i dag.

Vi er midt i det siste tiåret fram mot den store nasjonale jubileumsmarkeringa i 2030. Startskottet var som kjent på Hundorp i 2021. Fram mot 2030 blir det markeringar rundt om i landet.

For tredje året på rad blir det Olsok-feiring i Sør-Fron. Det er eit mål å knytte narkeringane til historiske stader i bygda. Fyrste året vart olsok-festen på den gamle kongsgarden Steig, året etter var vi på Listad og i år er markeringane på Hove, kjent frå Njålssoga eller «Njåla», som ein seier på islandsk.

Program for dagen:

Kl. 12.00–13.30
Olsokgraut med meir i Einbusalen på Hundorp. Helsing frå biskop i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen og ordførar Ole Tvete Muriteigen. Pris: kroner 445,-

Påmelding til Dale-Gudbrands gard før 25. juli: 911 58 938 eller dale-gudbrandsgard@frich.no

Kl. 14.00
Olsok-foredrag ved Olemic Thomessen. Fri inngang.

Kl. 15.30
Samling på Hove. Orientering om garden v/Kristian Haave. Opplesing frå Njålssoga v/Vidar Olaussen. Fri inngang. Vandring til Sør-Fron kyrkje v/Per Gunnar Hagelien

Kl. 18.00
Olsok-messe i Sør-Fron kyrkje v/biskop Ragnhild Jepsen og sokneprest Kristinn Ólason. Musikk ved Rasmus Kjorstad, Helga Myhr og Sergey Shulga.

Kl. 19.00
Kyrkjekaffi i Sør-Fron kommunehus v/Bygdekvinnelaget i Sør-Fron.

Vel møtt til Olsok!

Arrangementskomitéen 2026: Per Gunnar Hagelien, Kristinn Òlason, Sergey Shulga, Bjørn Sletten, Øystein Rudi og Rasmus Stauri

  • Sør-Fron kyrkje
    1/4
    Knut Aastad Bråten
  • Utenlandske turister på Tusenårsstien ved Dale-Gudbrand
    2/4
  • Rasmus Kjorstad
    3/4
    Privat
  • Per Gunnar Hagelien
    4/4