Bli med på ei spanande danningsreise gjennom linet si historie og møte med moderne husflid og design i lin i lag med omvisar Bjørg Schultz - leiar i Norges Linforening.
Omvisinga tek til kl 13:00 på tunet framfor Café Edvard.
Om utstillinga: Stuttreist. Slitesterk. Staseleg. Frå dei gamle egyptiske faraoane, via kongeleg luksus og magiske ritual til levande kulturtradisjonar i Gudbrandsdalen går bruken av tekstilet lin som ei grøn renning gjennom kulturhistoria.Utstillinga LIN vev saman dei mange trådane spunne ut av vår eldste kulturplante til ei fiberrik danningsreise gjennom sommaren 2024.
I utstillingslokala Fjoset og Fjostrevet på Ullinsvin gamle prestegard i Vågå, blir tradisjonsrik husflid og moderne kunsthandverk lyfta fram i ei inspirerande feiring av fiberplanta og tekstilet lin.Ute i tunet finn du åkerlappar med spinnelin og fargeplanter.
Gjennom sommaren inviterer utstillinga LIN og til publikumsaktiviteter og foredrag, dyrking og slått, spinning og søm, omvising og sofasamtale.I vår tid er det hardføre linet i ferd med å få si renessanse – kan planta med dei blå og kvite blomene bidra i det grønt klesskiftet? Vil du vite svaret, er ein god stad å starte her i utstillinga LIN. Frå frø
til tråd.
Inngang: Opningstid – Ullinsvin
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea