Hopp til hovudinnhald

Opning | Sommar på bygdatunet

Det er straks sesongstart på Lesja bygdemuseum / Bygdatunet. Velkommen til opning laurdag 20. juni klokka 11.00. 

NB! Arrangementet har funne stad
Lesja bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
20. juni 2026

På opningsdagen blir det husflid og bakst, og seljefløytekonsert med Benjamin Aas.

Hagen utviklar seg vidare, og er i ferd med å bli ein liten forsøksgard – alt i regi av Sofia Bang Elm. Kom å sjå kor fint det har blitt! Skuleungar har sett potet og kålplanter, og dei har sådd bondebønner og gulerøter. Dei har òg laga uro for å halde fuglar unna grønsaksengene. Eit forsøksfelt med forskjellig grasfrø er òg på plass. Sju vedder er alt på plass. Snart kjem både høner og griser.

I midten av juli opnar ei kontainarutstilling om dei arkeologiske utgravingane på Aursjøen, og ei portrettutstilling om Otto Ekren. Meir informasjon kjem seinare.

Sommarprogrammet kjem i Vigga rett før sesongstart, og seinare i sommarmagasinet. Fullt sommarprogram ligg også tilgjengeleg på nettsida vår.

Visste du at Lesja bygdemuseum har fått sin eigen sylvsmed? Torunn Samset Rognerud har installert seg i Nestandestugu. Ynskjer du sylv eller ein god prat, kom innom!

Igjen; Takk til kvar og ein som bidreg – frivillige og alle andre. De er med på å oppretthalde Lesja bygdemuseum som den finaste perla i bygda – og til eit unikt museum i den store museumsfamilien.

Velkommen innom!

  • Opningsdag på Lesja bygdemuseum
    1/11
    Knut Aastad Bråten
  • Lesja kyrkje
    2/11
    Knut Aastad Bråten
  •  Gaute Romslo
    3/11
    Gaute Romslo er ein av mange frivillige på Lesja. Knut Aastad Bråten
  • Museumsbutikk på Lesja bygdemuseum
    4/11
    Knut Aastad Bråten
  • Grønne Røtter
    5/11
    Grønne Røtter Knut Aastad Bråten
  • Kvar sommar er nær 200 frivillige i sving på Lesja bygdemuseum. Utan desse finst ikkje museet. I kveld var det kombinert kick off for sommarsesongen – og gratiskonsert for alle dei som står på for museet. Med ei fullsett stugu låg alt til rette for ein bra kveld. Og det vart det! På scenen stod musikarane Heidi Kvelvane og Symre Taugbøl Bang i gruppa Bankvelv. Duoen tolkar folkemusikkskatten på andre og smakfulle måtar. Her er alt frå det vare og søkande til det sterke og kraftfulle.
    6/11
    Knut Aastad Bråten
  • Bakst i Eldhuset, Lesja bygdemuseum
    7/11
    Knut Aastad Bråten
  • Ola Nørstebø
    8/11
    Knut Aastad Bråten
  • Grønne Røtter
    9/11
    Knut Aastad Bråten
  • Utstilling: Otto og sykkelen
    10/11
    Knut Aastad Bråten
  • Grønne Røtter / sommar 2026
    11/11
    Knut Aastad Bråten