Hopp til hovudinnhald

Konsert | Oscar Danielson

Oslo, Kristiansand og Vågå: Oscar Danielson er ein av Sveriges beste tekstforfattarar, og denne kvelden kjem han til Jutulheimen.

Jutulheimen Vågå bygdemuseum
Øvre Nordheradsvegen 97 2680 Vågå
25. juli 2025
20.30 – 21.45
25. juli 2025
18.00 – 19.15
Kjøp billett

Velkomen til musikalsk sommarkveld i Jutulheimen med den kjende artisten Oscar Danielson – ein av Sveriges beste tekstforfattarar.

Norgesven er eit begrep med både heldige og uheldige assosiasjonar. Men i tilfellet Oscar Danielson kan ein trygt slå fast at den sympatiske svensken er ein av dei aller beste vi har!

Etter albumet «Stockholm i mitt hjärta» (2011) med låta «Besvärjelse» har han fått eit stadig større publikum, og turnert flittig i hele Skandinavia.

I november 2014 varma han opp for Bjørn Eidsvåg i eit fullsett Oslo Spektrum, og det er langt mellom dei gongane 9000 menneske er så lutter øre som då. Kort tid etter opptrådte han på NRKs «Lindmo», og igjen både begeistra og fascinerte Danielsons låtunivers det norske folk.

No kjem 49-åringen til Jutulheimen med eit show som framkallar latter så vel som tårer. Temaet er – sjølvsagt – kvinner. Det er songar om kjærleik, fulle av alvor og djupt menneskelege observasjonar, krydra med humoren som er Oscars kjenneteikn.

Stein Torleif Bjella og Eva Weel Skram har gjort ein versjon av Oscars låt «Besvärjelse» med norsk tekst.

Dato: 25. juli
Stad: Jutulheimen
Billettar: gudbrandsdalsmusea.hoopla.no

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea 

 

  • Oscar Danielson
    1/1
Museum24:Portal - 2025.04.24
Grunnstilsett-versjon: 2