Hopp til hovudinnhald

Lesja

Historiene vi fortel, er ofte dei historiene som vil bli fortalde. Om dei som går først, set spor, dei vi ynskjer å spegle oss i. Eller så er det dei store tragediane. Dei fleste av oss går under radaren, blandar oss i mengda, stikk oss ikkje ut.

Otto Ekren hadde aldri eit ynske om å stikke seg ut. Tvert om. Han levde eit kvardagsliv, som skomakar i ei bygd som handsama han som alle andre. Som slektning og ven, sambygding og kamerat. Men sjølv om han ikkje ville stikke seg ut, så gjorde han det likevel. I Lesja sette han spor etter seg som framleis blir prata om. Otto var eit barn med særskilde behov i ei tid der ingen rettar fanst. Livet lærte han om trass og styrke og stoltheit. Livet gjorde han også til ein mild mann med kjærleik til folk og bygd.

Historia om Otto fortel kanskje også noko viktig om Lesja, om eit samfunn i utvikling og om oss. Historia om Otto er ei historie om utanforskap, og om vegen inn. Maktar vi å gjera denne vegen litt mindre krunglete og bratt?

Utstillinga blir til med støtte frå Fritt Ord, Lesja kommune og SpareBank 1 Lom og Skjåk

///

KVAR
Tunstugu / Lesja bygdemuseum

NÅR
18. juli til 15. august. Tysdag til sundag: 11.00–15.00. Laurdag: 11.00–16.00. Måndag: Stengt

PRODUKSJON
Tekst: Alice Gudheim
Foto: Nye foto frå verkstad i Oslo, av Signe Fuglesteg Luksengard. Historiske foto i privat eige
Design: Björk Bjarkadottir / Interface Media
Språkvask: Aud Søyland

INNGANG
Vaksen: 130,-
Student og honnør: 100,- 
Born opp til 16 år: Gratis
Sommarkort: 350,-
Medlem i Lesja bygdemuseum Venneforeining: 150,-

TILKOMST
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja

Andre utstillinger på Gudbrandsdalsmusea