- 1/8
Ola Øgar Svendsen / Riksantikvaren - 2/8
Ola Øgar Svendsen / Riksantikvaren - 3/8
Halvor Vreim / Riksantikvaren - 4/8
Herman Major Schirmer / Riksantikvaren - 5/8
Thorolf Ridder / Riksantikvaren - 6/8
Magnus Poulsson / Riksantikvaren - 7/8
Magnus Poulsson / Riksantikvaren - 8/8
Knud Iversen / Riksantikvaren
Eit freda gardsanlegg
På eit høgdedrag over Nord-Sel ligg Øygarden som eit vitnesbyrd frå fortida.
Øygarden er først nemnd i 1576, og vart freda av Riksantikvaren i 1923. Inntunet er av dei meir spesielle i dalen, omkransa av åtte laftehus med svalgangar. Garden er i dag eit levande kulturelt sentrum med galleri, scene, ein liten kafé og overnatting.
Eigarar i dag er Freddy Bagge og Christine Bugjerde.
Sommaren 2025 opnar ei permanent utstilling om den kjende bilethoggaren Knut Steen.
Gudbrandsdalsmusea og Øygarden ynskjer å utvikle samarbeidet med faste formidlingstiltak. Kvar laurdag i juli månad blir det husflidsaktivitetar, føredrag og konsertar. Det er fyrste gong museet tilbyr kulturhistoriske opplevingar på eit freda gardsanlegg. Vi håpar initiativet kan vere med å skape auka merksemd om bygningsarven og dei freda, levande gardsanlegga.
Opningstider og anna
STUDIO KNUT STEEN
Ope kvar dag frå klokka [klokkeslett]
HUSFLID, FØREDRAG OG KONSERTAR
Kvar laurdag – og nokre andre dagar – i juli månad. Sjå program i boksen over.
INNGANG
Gratis inngang – bortsett frå konsertane med Marie Klåpbakken 4. juli og Camilla Granlien 31. juli.
OVERNATTING
Øygarden tilbyr overnatting i oppreidde senger. Gjestehuset består av 5 (6) soverom med 10 (12) sengeplassar og to bad med dusj og toalett. Finstogo og stort kjøken med moglegheit for sjølvhushald. Pris per person: 800 kroner.
Garden ligg ein kilometer frå pilegrimsleia.
TILKOMST
Haugageilen 17, 2672 Sel