Hopp til hovudinnhald

Konsert | Camilla Granlien

Den kjende folkesongaren vil denne kvelden ta oss med inn i sitt musikkunivers. Det blir historieforteljing om kjærleik, kvardagsheltar, svik og bånsullar.

Sel / Vågå / Lesja Gudbrandsdalsmusea
31. juli – 02 .aug. 2025
18.00
Kjøp billett

Hjarte og smerte og gudbrandsdalske tristessar. Balladar, skillingsviser og bånsullar. Velkomen til musikalsk sommarkveld i Sel, Vågå og Lesja!

31. juli klokka 18.00 | Øygarden, Sel
1. august klokka 18.00 | Jutulheimen, Vågå
2. august klokka 18.00 | Bellestugu, Lesja bygdemuseum

Pris: 395 kroner

Middelalderballadane, kjærleiksvisene, skjemtevisene og dei små bånsullane fortel alle historier, store og små, med eit persongalleri beståande av riddarar, jomfruer, kvardagsheltar og sjarmørar. Handlingane er lagt til både nært og kjent miljø og meir eksotiske strøk.

Camilla har sett saman ein konsert der det blir presentert tradisjonelle viser frå den store songskatten i Gudbrandsdalen og på Hedmarken.

Her er songar etter dei store songkjeldene Kristian P. Åsmundstad og Mari Holbø. I tillegg vert det tekster skreve av lokale heltar som Edvard Storm, Alf Prøysen, Tor Jonsson og Olav Aukrust.

Camilla har vunne Landskappleiken i Vokal kl. A heile tre gongar og motteke Kongepokalen for sin song. Ho har turnert med eigne band og prosjekt, spelt musikk for folk i alle aldrar og arbeidd som frilans folkesongar, musikar, låtskrivar og kulturformidlar i over 20 år.

Utdrag frå tidlegare musikkmelding:

Folkesangerens vakre stemme og ikke minst hvordan hun bruker den i omgang med tradisjonsmusikken, yter disse sangene all den respekt de fortjener. Terningkast 5. Per Ivar Henriksbø i GD.

Klarhet og vidsyn. Det er begrepet jeg stadig vender tilbake til i selskap med disse sangene. Camilla Granlien går kanskje i tusen tanker, men hun står fram med en sjelden trygghet som tangerer ulike musikalske stilarter og tidsepoker. Det skyldes ikke bare hennes sterke stemmeprakt, men også måten hun har vevet sammen historiske viser og nåtid, folkemusikk og jazz, lokal forankring og bred appell. Hør denne platen enten du har jazzører eller fot for folkemusikk – eller aller helst om sjangre ikke spiller noen rolle, så lenge musikken er god. Bjørn Hammershaug, Folkemusikk.no

Velkomen til ein intim og stemningsfull konsert!

Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Camilla Granlien

  • Camilla Granlien
    1/1
    Ingvil Skeie Ljones
Museum24:Portal - 2025.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2