Hopp til hovudinnhald

Utstilling | De kvinnelige polarheltene

NB! Arrangementet har funne stad
Ullinsvin Vågå prestegard
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
27. sep. – 26 .okt. 2025
11.00 – 15.00

DE KVINNELIGE POLARHELTENE

Utstilling om skinn og klede av Sofie Kleppe

Kvar | Låven, Ullinsvin
Når | 27. september – 26. oktober

laurdagar og søndagar frå kl. 11.00–15.00

Roald Amundsen hadde neppe vore den fyrste på Sydpolen dersom han ikkje hadde hatt på seg varme klede. Han fekk hjelp av samar og inuittar til å lage varme klede av skinn og pels.

Dette er noko som Sofie Kleppe har utforska som stipendiat i garvarfaget ved Norsk Håndverksinstitutt. Resultatet av forskinga blir vist i utstillinga på Låven i Ullinsvin i haust. Utstillinga handlar om skinn, garving og klede, og Sofie vil vise bilder og fortelje om jakta på kunnskap og møte med tradisjonsberarar på Grønland og i Finnmark.

Ope også etter avtale: sofie@uluofnorway.no

Det er mogleg å bestille eiga omvising.

  • Sofie Kleppe
    1/1
    Privat