Sofasamtale. Suksessutstillinga LIN 2.0 er i 2025 utvida og oppdatert med nye kunsthandverk, fleire aktørarar og rikare historieforteljing og formidling. Utstillinga vev saman dei mange trådane spunne ut av vår eldste kulturplante til ei fiberrik danningsreise gjennom historie, handverk og kunsthandverk. Følg linet si ferd frå frø til tråd, og frå oldtid til grøn framtid.
Program for fredagskvelden:
19:00: Velkomen ved museumsdirektør Knut Aastad Bråten
19:15: Preomvising i utstillinga LIN 2.0 ved kurator Kirsten Visdal | Fjoset
20:00: Sofasamtale med kunsthandverkarar: LIN 2.0 – frå raudelista til det grøne skiftet | Hovudhuset
- Jon Fredrik Skauge | Reinhekla og Fannremsgården
- Magnus Håland Sunde |
- Rannveig Wilthil Høgmoen | Solberg Spinderi
- Bjørg Schultz | husflidshandverkar
- Kirsten Visdal | Ordstyrar
Om utstillinga:
Utstillinga LIN vart lansert sommaren 2024, til særs begeistra attendemeldingar frå publikum og meldarar. Sommaren 2025 blir utstillinga vidareutvikla og utvida med nytt innhald og aktiviteter.
I utstillingslokala Fjoset og Fjostrevet i Ullinsvin Vågå prestegard, blir tradisjonsrik husflid og moderne kunsthandverk lyfta fram i ei inspirerande feiring og formidling av fiberplanta og tekstilet lin. Ute i tunet finn du åkerlappar med spinnelin og fargeplanter.
I vår tid er det hardføre linet i ferd med å få si renessanse – kan planta med dei blå og kvite blomene bidra i det grønt klesskiftet?
Utstillarar:
- Magnus Håland Sunde
- Camilla Kunckel
- Linda Flø
- LINjentene
- Lise Skoug Obel
- Jon Fredrik Skauge
- Heidi Bjørnsdotter Thorvik
- Vågå Vev
- Solberg Spinderi
Inngang: Info kjem
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea
- 1/1
- 1/1