- 1/1
Sedin Zunic
Rom | Space
Eit nyskapande gatekunstprosjekt, Rom | Space, er i kjømda – i samarbeid med Sel kommune.
Tidsaktuell
Gudbrandsdalsmusea har fått økonomiske ressursar frå Sparebank 1 Gudbrandsdal til gjennomføring av tiltaket Rom | Space, i tett samarbeid med Sel kommune. Vi ynskjer å utforske tiltaket i Sel – med mål om å utvide tilbodet i heile regionen.
Med Rom | Space vil Gudbrandsdalsmusea utforske det offentlege rommet, og dekorere veggar og flater med tidsaktuell og nyskapande samtidskunst – i samarbeid mellom gatekunstnarar og elevar i skulen.
Meir konkret skal kunstnarane og elevane utforske aktuelle tema og problemstillingar i tida, som igjen blir ramme og premiss for kunstverket. Slik får elevane høve til å setje ord på forholdet deira til samtida og eigen kultur. Det er kunstnaren sjølv som til ei kvar tid står for arbeidet med det kunstnariske verket, med assistanse frå elevane i skulen.
Kunstnar i 2025: Sedin Zunic
Kunstnar Sedin Zunic har vore ein del av gatekunst- og graffitimiljøet i Kristiansand sidan han kom til Noreg som 16-åring. Sedin er også kurator og jobbar med eksperimentell moderne kunst, skulptur, veggmåleri og installasjonar, og han står mellom anna bak Sea Invaders der kunst minner oss om å ta vare på havet.
Kunstnar i 2026: Terje Grimen / Tegson
Terje Grimen er oppvaksen i Bergen og bur i dag i Tromsø. Grimen gjekk ut med bachelorgrad frå Kunstakademiet i Tromsø i 2021. Etter fleire turar til Nord-Noreg og Russland har han jobba fleire stader på Nordkalotten gjennom People to People-samarbeidet mellom Noreg og Russland. Tidlegare har han laga veggmaleri på Tøyen bydel i Oslo i regi av Urban Samtidskunst, som ein del av Oslo kommunes satsing på Tøyenløftet. I samband med TV-aksjonen CARE i 2019 måla han eit veggmåleri på utsida av Bergen Kunsthall, i samarbeid med andre gatekunstnarar. Grimen har delteke på i eit KORO-prosjekt for UiT Norges arktiske universitet (Tromsø), han har måla eit veggmåleri for Narvik brannstasjon og han har laga den visuelle profilen for Festspillene i Nord-Norge i 2022. Dei siste åra har han jobba med ei rekke prosjekt med estetikk frå gatekunst til offentleg utsmykking, utstillingar og motebransjen.