Ennå ei gong tek vi pulsen på det som rører seg av forsking, nye oppdagingar og tankar om bygningsarven i tre frå mellomalderen. Vi startar der vi slapp i fjor, med Bjølstad-plankane i sentrum, og held fram gjennom dagen med korte innlegg om ulike tema, avbrote av lunsj med besøk i Vågå kyrkje.
Foreløpig program finn du i lenka under. Nokre justeringar kan det bli, men ramma blir som oppsett.
Når: Torsdag 13. november frå klokka 08.30 til 15.35
Kvar: Jutulheimen / Gudbrandsdalsmusea, Øvre Nordheradsvegen 97 i Vågå
Påmelding: her
Påmeldingsfrist: 6. november
Seminaravgift: Gratis, men deltakarane må sjølve dekke reise, opphald og middag. Andre utgifter blir dekka av arrangørane.
Spørsmål: arrangement@ra.no
Vi organiserer felles middag på Villa Vågå hotell klokka 19.00 kvelden før, for alle som kan og vil. Det er ei eiga rute for avkryssing i påmeldingsskjemaet for deltaking på middag. Prisen for middag er 549 kroner.
Dei som treng overnatting må sjølve tinge hotellrom. Pris på Villa Vågå hotell: 1490 kroner. Send e-post til post@villavaga.no. Skriv namn, adresse og telefonnummer – og denne referansen: Nettverkssamling MA3.
Arrangørar: Riksantikvaren i samarbeid med Sel kirkelige fellesråd, Vågå kyrkjelege råd og Gudbrandsdalsmusea.