Gudbrandsdalsseminaret vart etablert i 2009 i eit samarbeid mellom Opplandsarkivet avdeling Maihaugen, Oppland fylkeskommune, Gudbrandsdalsmusea og Gudbrandsdal historielag. Gudbrandsdalsseminaret er eit av dei samlande arrangementa som set fokus på Gudbrandsdalen.
Målet med seminaret den gongen var å skape ein møteplass ved å invitere til eit lokalhistorisk seminar med gode foredrag, for seinare å samle til ei bok om Gudbrandsdalen. Dette med ei bok vart snart skrinlagt. Ein har lagt meir vekt på å skape den gode møteplassen for ulike lokalhistorisk interesserte, akademikarar og andre og presentere nyare forsking og historiegransking.
Seminaret har fleire ulike målgrupper: medlemmer i historielaga og andre relevante organisasjonar, lærarar og skuleelevar i den vidaregåande skulen, politikarar, næringsliv, tilsette i fylkeskommunen, musea og høgskulen, utflytta dølar og andre interesserte. Kvart år er det invitert særskilde målgrupper knytte til årets tema – ut over dei lokalhistorisk interesserte. Det er vanlegvis 70–100 deltakarar på seminaret.
Program blir sendt ut åt tidlegare deltakarar – og aktuelle målgrupper. Det er lagt til rette for gode pausar gjennom dagen, god mat, og praten går lett mellom øktene. Arrangørane legg vekt på stramme tidsrammer for foredraga, slik at ein i all hovudsak held seg til tidsrammene for dagen.
Kvart år har seminaret eitt eller to tema, med ei god blanding av foredragshaldarar, frå lokalhistorikarar til ulike fagpersonar avhengig av tema.