Kvar: Kirketeigen / Kvam
Når: Laurdag 18. april
Påmelding: post@gudbrandsdalsmusea.no
Påmeldingsfrist: 1. april
Pris: Gratis
Målet med samlinga er å styrke samarbeidet mellom kringsminnesamlingane, og å skape ein myldreplass for idèutveksling og kunnskapsbygging.
Det er krig i Europa, dyrtid og ein vilter natur skapar nye, andre utfordringar. Totalitære regime er på frammarsj i land nær oss. Meir enn nokon gong bør vi lære av historia – for å forstå korleis vi best skal handle for framtida.
Målgruppe for seminaret er alle dei som kvar dag arbeidar med formidling av krigshistorie. Ei samling av alle krigsminnesamlingane i Innlandet er eit nytt og viktig tiltak for å styrke samarbeidet mellom institusjonane, for å fremje kunnskap og kunnskapsutveksling – og ikkje minst: løfte og aktualisere nye og dagsaktuelle problemstillingar om til dømes migrasjon, rasisme og utanforskap.
Programmet for dagen er slik:
11.00-11.45
Omvising på Gudbrandsdal krigsminnesamling
11.45-12.00
Gudbrandsdal krigsminnesamling / Gudbrandsdalsmusea: Velkommen!
12.00-12.30
Presentasjon av deltakarane
12.30-13.00
Harald Sunde: Korleis formidle krigshistorie til born og unge?
13.00-14.00
Lunsj
14.00-14.30
Kjell Ove Solbakken / Norsk Turistutvikling: Kvifor er krigsminne viktig for reiselivet?
14.30-15.00
Stein Høye / Heimevernets skule- og kompetansesenter: Samarbeid og moglegheiter. Korleis kan krigsminne-samlingane og forsvaret arbeide tettare saman?
15.00-15.15
Kaffi og biteti
15.15-15.45
Rune Nørstegård / Dovre og Lesja krigsminnesamling: Medlemsvekst – korleis verve yngre medlemmar til aktiv deltaking i frivillig arbeid
15.45-16.15
Samtale i plenum: Korleis kan vi styrke samarbeidet mellom samlingane og miljøa? Og korleis skape ny merksemd i ei ny og krevjande tid?
16.15
Takk for i dag!
Arrangørar: Gudbrandsdal krigsminnesamling, Gudbrandsdalsmusea og Dovre og Lesja krigsminnesamling
- 1/1
Digitalt Museum