Når: 5. november frå klokka 09.30
Kvar: Dale-Gudbrands Gard, Hundorp
Bindande påmelding til: Sæbjørn Forberg / saebjorn.forberg@online.no / 901 50 082
Bindande deltakaravgift: 690 kroner
Påmeldingsfrist: fredag 30. oktober
Under dagen ser vi nærmare på reisandekulturen i Gudbrandsdalen, digitale hjelpemiddel i lagsarbeidet og skriftskeid – presentasjon av nyaste årsskrifta/publikasjonane i laga.
Program for dagen:
09.30 Kaffi og biteti
10.00 Velkomne om dagen
10.15 Forspel til Gudbrandsdalsseminaret 2027 del 1: Nomadiske og halvnomadiske livsformer i dalen ned gjennom tidene. Samtale og refleksjon over temaet dei fastbuande og dei som vandrar ved Knut Aastad Bråten og Sæbjørn Forberg
10.30 Forspel til Gudbrandsdalsseminaret 2027 del 2: Dei reisande i dalen ved Kai-Samuel Vigardt, slektsgranskar og føredragshaldarar.
11.10 Eit mogleg dokumentasjonsprosjekt om dei reisande i Gudbrandsdalen ved Gunn Idun Gaardløs Hammer, dagleg leiar Innlandsarkiva.
11.30 Påfyll av kaffi
11.45 Nettside som verktøy til meir lagsarbeid ved Janne Veronika Kolås, Krible AS. Korleis kan historielaga bruke nettsida til å nå ut, skape interesse og gjere lokalhistorie meir tilgjengeleg?
12.30 Lunsj og sosialt
13.30 Bør vi/kan vi bruke KI i historielagsarbeidet, ved Janne Veronika Kolås, Krible AS. Kort innsikt, døme og open diskusjon.
14.15 Skriftskeid: Laga presenterer dei nyaste årsskrifta og publikasjonane sine.
15.00 Avslutning og vegen vidare ved Knut og Sæbjørn
Takk for i dag!
Takk til Sparebank 1 Lom og Skjåk for økonomisk støtte til seminardagen. Les meir om banken her
- 1/1
Privat