Saman med seterdrivane Berit Snøan og Jørn Skoe inviterer vi til temadag om biologisk mangfald i seterlandskapet, kva mangfaldet betyr for produksjon av god setermjølk – og kva som skjer når dyra forsvinn frå seterlandskapet.
Kvar: Nysetra, Kleggåsvegen 36, Nord-Fron
Når: Laurdag 22. august frå klokka 12:00 til 15:30
Dagen ser slik ut:
12:00 Velkommen på tunet
12:15 Biologisk mangfald gjev god mjølk, ved Jørn Skoe
12:45 Beiting og framtida for dei sjeldne artane, ved Audun Heier frå prosjektet Beite, bruk og berekraft
13:15 Kaffi og biteti
14:00 Biologisk landskap i endring, ved Berit Snøan
14:30 Guida markvandring
15:30 Takk for i dag!
Jørn Skoe og Berit Snøan driv Ødhumbla gardsmjølkpå Uppigard Skoe på Vinstra. Saman produserer dei fersk, lågpasteurisert mjølk frå 15 mjølkekyr. Jørn og Berit driv aktiv setring på Nysetra, nokre kilometer opp for garden. Setra er ein viktig ressurs i mjølkeproduksjonen.
Seterdagen i Nord-Fron er ein av fire seterarrangement denne sommaren. Sjå kalendaren for fleire seteraktivitetar!
Velkommen!
Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, Norsk landbruksrådgivingog familien Snøan/Skoe. Seterdagen blir til med økonomisk støtte frå Statsforvaltaren i Innlandet
- 1/3
Knut Aastad Bråten - 2/3
Knut Aastad Bråten - 3/3
Knut Aastad Bråten