Saman med seterdrivar Jorid Belle-Thysell inviterer vi til temadag om mjølkestell og foredling på setra. Kva slags moglegheiter finst? Kva kan du lage og kva skal til for å foredle meir av mjølka sjølv? Talet på aktive setredrivarar har stabilisert seg. Gjennom jordbruksoppgjeret har støtta til seterdrivarane auka. Kan vi sjå for oss fleire seterdrivarar i åra som kjem?
Kvar: Reindøl, Reindølsvegen 245, Lesja
Når: Torsdag 23. juli, klokka 12:00 til 15:30
Dagen ser slik ut:
12:00 Velkommen på tunet
12:15 Optimisme og framtid, ved seterdrivar Jorid Belle-Thysell
12:45 Produksjon – eller turisme – eller båe deler, ved tidlegare budeie May Kristin Holsethstuen
13:15 Kaffi og biteti
14:00 Seterdrift – løysinga på framtidas landbruk, ved dagleg leiar i Nasjonalt senter for fjellandbruk, Juliana Bonin
14:30 Felespel, ved Oline Belle-Thysell
15:00 Takk for i dag!
Jorid Belle-Thysell driv Nedre Reindøl saman med – mannen Anders og ungane Oline og Alfred. Setra på Reindøl er frå 2000, og i full drift frå mjølkeseter i 2017. På setra har dei 25 mjølkekyr. Det meste av produksjonen går til tankbilen, men Jorid har laga kokehus, og ho har planar om produksjon for sal.
Seterdagen i Lesja er ein av fire seterarrangement denne sommaren. Sjå kalendaren for fleire seteraktivitetar!
Velkommen!
Arrangørar: Gudbrandsdalsmusea, Norsk landbruksrådgiving, Nasjonalt senter for fjellandbruk og Nordistugu Belle gard. Seterdagen blir til med økonomisk støtte frå Statsforvaltaren i Innlandet
- 1/3
Knut Aastad Bråten - 2/3
Yngve Ask - 3/3
Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea