Hopp til hovudinnhald

Skriveseminar i Lom

Vil du lære meir om korleis ein skriv ein artikkel eller lagar ein presentasjon til ei heimeside?

Gudbrandsdalsmusea
26. sep. 2026
10.00 – 15.30 Frivilligsentralen

Laurdag 26. september blir det nytt seminar i skriving av lokalhistoriske artiklar. Frå Høgskulen i Volda kjem førsteamanuensis Åsmund Svendsen. Han vil gje oss ei innføring i grunnleggjande kunnskap om emnet. Seminaret i Lom er ei oppfylging av Mikrohistorie-seminaret vi heldt i januar, men det er ikkje naudsynt at du deltok der.

Har du ein tekst som du arbeidar med – og som du ynskjer attendemelding på? Send tekst til lomheimbygdslag@gmail.com

Stad: Lom frivilligsentral
Tid: 26. september frå klokka 10.00 til 15.30
Kursavgift: 750 kroner, inkludert dugurd
Innbetaling: Kontonummer 2085.25.52337 eller Vipps 516 418. Skriv namnet ditt på innbetalinga
Påmeldingsfrist: Innan 19. september til lomheimbygdslag@gmail.com eller mobil 469 11 018

Dagsprogram:

10.00-11.00: Korleis skape gode fagtekstar?
11.00-13.00: Arbeid med tekstar. Kommentarar til innsendte manus frå Lom Heimbygdelag til Heim og bygd, samt andre innsendte tekstar frå deltakarane
13.00-13.30: Formiddagsmat/pause
13.30-15.30: Vidare arbeid med tekstar

Vel møtt!

  • Skrivekurs
    1/1
    Knut Aastad Bråten