Hopp til hovudinnhald

Ein skuletime for 100 år sidan

Undervisingsopplegget høver for 1. - 4. trinn

Presthaugen - Lom bygdamuseum
Fv55 124, 2686 Fossbergom, Norge

Levande historie. Elevane blir presentert for skulehuset frå Galde i Bøverdalen som står på Lom bygdamuseum og får oppleve korleis ein skuledag var for 100 år sidan.

Elevane får prøve gamaldagse klede med busserull til gutane og forkle til jentene. Dagen startar med ein song før vi prøver oss i dei ulike faga dei hadde før. Barna får skrive med griffel på steintavle, vi ser på gamle kart og instrument og les eventyr. Vi ser og nærare på det gamle klasserommet og korleis det eigentleg var å gå på skulen for 100 år sidan.

Eit friminutt med gamle uteleiker høyrer sjølvsagt også med.

Tidspunkt: April – juni

Varigheit: 2 skuletimar.

Stad: Lom bygdamuseum

Klassertrinn: 1.–4. trinn.

Pris: Gratis

Kontakt/bestilling: Marit Rosshaug tlf 957 04 257.

  • Skule gamledagar historisk
    1/2
  • Skuledag gamledager
    2/2
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2