Presthaugen byr på triveleg sommarmuseum midt i Lom - med opne historiske bygg, to utstillingar og folk i tunet.
Heile veka:
10.30-16.00 Open utstilling «Bøte» i stallen.
12:00 Omvisning i Presthaugen
Laurdag 3. august:
12:00 Musikkforedrag for heile familien på sætera med Sylvelin Hege Sevilhaug og
Karolina Westling.
13:00 - 15:00 Aktivitetar for store og små i tunet ved Lom Bygdekvinnelag, Lom husflidslag og Flåklypa Sendeplatelag med fleire.
Om utstillinga Bøte: BØTE | reparasjon av tekstil før og no
Historiske plagg i møte med moderne tekstil - slik dei blir reparert i dag. I notida er det ein trend at fleire vender attende til å reparere eigne klær. Gjerne med eit synleg avtrykk, som ein motreaksjon mot tekstilindustrien og bruk- og kast samfunnet. I tidlegare tider handla bøting og om å sjå nytte av brukte plagg til andre formål. Om optimal ressursbruk under trange kår, måtehald og godt handverk.I Presthaugen i Lom kan du i sommar oppleve historiske plagg i møte med moderne tekstil, slik dei blir reparert i dag.
Inngang: Gratis
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea og Lom Heimbygdslag