Hopp til hovudinnhald

Sommarprogram | Lesja bygdemuseum

Fem dagar i veka i heile sommar inviterer Lesja bygdemuseum til konsertar og tradisjonsmat, husflid, handverk og aktuelle foredrag.

NB! Arrangementet har funne stad
Lesja bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
18. – 22. juni 2024
Klokka 11:00
  • Lefser
    1/1
    Knut Aastad Bråten / Gudbrandsdalsmusea

Sommaraktivitetane på Lesja bygdemuseum skjer saman med Venelaget, Lesja historielag, Husflidslaget i Lesja og Lesja bygdekvinnelag. 

Kvart år er fleire hundre friviljuge i sving rundt om i avdelingane. I dei små stovene syner dei fram tradisjonskunnskap av alle slag: steiking av lefser og flatbrød, av tynnkake og skrivarbrød. Andre lagar sopelime, eller dei driv med treskjering, dei strikkar og broderer – eller dei demonstrerer korleis ein kniv blir til.

Gjennom at publikum får delta, lære og oppleva kulturuttrykk både i tradisjonell form og som del av ei stadig utvikling, tek Gudbrandsdalsmusea ansvar for den immaterielle kulturarven. Slik er museet og dei friviljuge med på å sikre kulturarven for framtida.

Sjå eige program her: Sommarprogram