Hopp til hovudinnhald

Sommarope i Presthaugen | Lom bygdamuseum

Trivelege dagar i tunet og inne i husa på Presthaugen - Lom bygdamuseum. Toppa med utstillinga BØTE - reparasjon av tekstil før og no.

NB! Arrangementet har funne stad


Gudbrandsdalsmusea
29. juli – 03 .aug. 2024
11.00 – 16.00

Triveleg sommarmuseum midt i Lom nasjonalparklandsby - med opne historiske bygg, to utstillingar og folk i tunet.

Programmet denne veka er slik:

29. juli Olsok
Omvising i Lomskyrkja kl 1730.
Messe kl 1800.
Arrangement i Glømsdalsstugu kl 1930 med olsoktale v/ Mette Vårdal og Lom Spelemannslag spelar.

Heile veka: kl 10.30-16.00 

Open utstilling «Bøte. Reparasjon av tekstil før og no» i Stallen. 

Omvisning i Presthaugen kvar dag kl 12.

Om utstillinga Bøte: BØTE | reparasjon av tekstil før og no:

Historiske plagg i møte med moderne tekstil - slik dei blir reparert i dag
I notida er det ein trend at fleire vender attende til å reparere eigne klær. Gjerne med eit synleg avtrykk, som ein motreaksjon mot tekstilindustrien og bruk- og kast samfunnet. I tidlegare tider handla bøting og reparasjon om å sjå nytte av brukte plagg til andre formål. Om optimal ressursbruk under trange kår, måtehald og godt handverk.

I Presthaugen i Lom kan du i sommar oppleve historiske plagg i møte med moderne tekstil, slik dei blir reparert i dag. Velkommen på utstilling!

Inngang: Gratis

Arrangør: Lom heimbygdslag og Gudbrandsdalsmusea

  • Presthaugen / Lom bygdemuseum
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2