Hopp til hovudinnhald

20. juni – 15. august

Velkommen til sommar på Lesja bygdemuseum!

Kvart år er ikring 150 frivillige i sving på museet. I dei småe stovene syner dei fram tradisjonskunnskap av alle slag: steiking av lefser og flatbrød, av tunnkake og skrivarbrød. Andre lagar sopelime eller dei driv med treskjering, dei strikkar, broderer eller demonstrerer korleis ein kniv blir til.

Sommarprogrammet blir til i tett og nært samarbeid med Husflidslaget i Lesja, Lesja bygdekvinnelag og Venelaget. Stor takk til alle som er med å skape sommareventyr på Lesja bygdemuseum.

Aktivitetane byrjar klokka 11.00.

Velkommen!

Torsdag 13. august

Torsdag 13. august
HusflidAkrylmåling
Akvarell
Strikking
BakstTradisjonsbakst

Fredag 14. august

Fredag 14. august
HusflidPlaggsaum
Krøllhårsåler
Grindvev/snorer

Laurdag 15. august

Laurdag 15. august
HusflidKrøllhårsåler
Grindvev/snorer
Skinnsaum
BakstSkrivabrød i Ulateigstugu
Aktivitet kl. 12.00Inspirasjonsdag i museumshagen
Konsert kl. 13.00Sel og Otta spelemannslag m/trekkspelelevar