Verdsartist Ingeborg Gillebo frå Øyer har invitert med seg eit finstemt selskap med framifrå gullstruper med stemmeprakt til å lyfte dal og flytte fjell – mellom dei fersk Folkelarmvinnar og vokalstjerneskot Synnøve Brøndbo Plassen og operatenor Mikkel Skorpen – oppvaksen på Tretten. Ei stemmeprakt toppa av Vågå sitt eige vokalfunn Martin Steinum Brun – siste høyrd og sett som solist i NRK sin julekonsert med Kringkastingsorkesteret KORK frå Rudi Gard.
Folkesangerinne Brøndbo Plassen har på særs stutt tid vorte ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg. Debutalbumet «Hjemve» vart ho spellemannsnominert for – og i fjor mottok ho Folkelarmprisen for beste soloalbum. Hjemve har motteke ei rekkje gode meldingar frå både norsk og internasjonal presse. I 2023 vann Brøndbo Plassen A-klassa i vokal på landskappleiken, og har dei siste åra motteke ei rekkje utmerkingar.
Konserten finn stad i Galleri Ullinsvin omgitt av fotoutstillinga Morten Krogvold sine utvalde.
Inngang: 350,- (150,- for ungdom)
Arrangør: Gudbrandsdal Musikkfest og Ullinsvin