Hopp til hovudinnhald

Stemmer frå dal og fjell | Ingeborg Gillebo og toppa solistlag

Opplev ei sjeldan stjernerekke solistar innan klassisk og folkemusikk under leiing av mezzosopran Ingeborg Gillebo.

NB! Arrangementet har funne stad
Lesja Bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
28. sep. 2024
18.00

Verdsartist Ingeborg Gillebo frå Øyer har invitert med seg eit finstemt selskap med framifrå gullstruper med stemmeprakt til å lyfte dal og flytte fjell – mellom dei fersk Folkelarmvinnar og vokalstjerneskot Synnøve Brøndbo Plassen og operatenor Mikkel Skorpen – oppvaksen på Tretten. Ei stemmeprakt toppa av vokalfunnet Martin Steinum Brun frå Vågå – siste høyrd og sett som solist i NRK sin julekonsert med Kringkastingsorkesteret KORK frå Rudi Gard.

Folkesangerinne Brøndbo Plassen har på særs stutt tid vorte ei av dei mest ettertrakta unge folkemusikarane i Noreg. Debutalbumet «Hjemve» vart ho spellemannsnominert for – og i fjor mottok ho Folkelarmprisen for beste soloalbum. Hjemve har motteke ei rekkje gode meldingar frå både norsk og internasjonal presse. I 2023 vann Brøndbo Plassen A-klassa i vokal på landskappleiken, og har dei siste åra motteke ei rekkje utmerkingar.

Konserten finn stad i Lesja kyrkje. Oppmøte på Lesja bygdemuseum med vandring gjennom Kyrkjeholen leia av Knut Aastad Bråten.

Inngang: 350,- (150,- for ungdom)

Arrangør: Gudbrandsdal Musikkfest og Lesja bygdemuseum

  • Gudbrandsdal musikkfest
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2