Gudbrandsdalsmusea søkjer deg med eit sterkt engasjement for museet i lokalsamfunnet, for lokal og regional historie og kulturarv. Du har gjerne kulturhistorisk utdanning, har erfaring
med leiing frå andre institusjonar, har eit godt nettverk, er sosial og utoverretta og med sans for praktisk arbeid.
Avdelingsleiaren har det faglege og administrative ansvaret for utvikling av Lesja bygdemuseum. Arbeidskvardagen på museet inneheld ei vifte av varierte oppgåver: arbeid med samling og arkiv, søknadsskriving, drift av museumsbutikken og koordinering av aktivitetar, skuleformidling og stell av høner. Og mykje meir.
Samarbeid og samhandling står høgt på agendaen i museet, både internt og med andre kulturaktørar. Du er dyktig på bygging av tillit og gode relasjonar, både med tilsette, friviljuge, lag og miljø. Du likar å motivere og spele andre gode, i tillegg til sjølv å dra ein stor del av lasset.
Lesja bygdemuseum øvst i Gudbrandsdalen er ein av fleire avdelingar i Gudbrandsdalsmusea. Sidan 1985 har museet med hjelp av mange frivillige vore ein viktig arena for formidling av lokal handverks- og tradisjonskultur. Her finst og bygningsvernrådgjevar, historisk arkiv og magasin med kulturhistoriske gjenstandar.
Kvart år er ikring 150 frivillige i sving på bygdemuseet. Slik er museet og dei frivillige med på å sikre kulturarven for framtida.
Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. Museet formidlar kunnskap om materiell og immateriell kulturarv gjennom arkiv og utstillingar, kurs og foredrag. Frå Ringebu i sør til Lesja i nord og Skjåk i vest strekker museet seg over ni kommunar i Gudbrandsdalen. Museet har aktivitet i alle bygder i regionen og ei rekke avdelingar.
Kulturarven er levande. Gudbrandsdalsmusea er kulturelt samlingspunkt og møteplass for eit mangfaldig publikum. «Vern gjennom bruk» er ein berande strategi. Museet skal løfte kulturarven opp og fram gjennom at publikum sjølve kan ta del, til dømes gjennom kurs og foredrag, utstillingar og konsertar.
Gudbrandsdalsmusea bidreg til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling av museet og samfunnet gjennom internasjonale, nasjonale og eigne konkrete mål og satsingar.
Driftsselskapet Gudbrandsdalsmusea AS er eigd av kommunane. Avdelingane er eigde av
historielag, eigarstiftingar og andre. Det er i 2025 13 tilsette i Gudbrandsdalsmusea. Dei
tilsette er fordelte på avdelingar rundt om i heile Gudbrandsdalen. På Lesja bygdemuseum
blir du del av eit spennande fagmiljø med tre andre tilsette.