Hopp til hovudinnhald

80% fast stilling

Er du Lom bygdamuseum sin nye leiar?

Vil du vere med å vidareutvikle formidlinga og forvaltinga av kulturarven i Gudbrandsdalen i samspel med fagfolk og friviljuge?

Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for museet i lokalsamfunnet, og for lokal og regional historie og kulturarv. Du har gjerne erfaring med leiing frå andre institusjonar, eit godt nettverk, er sosial og utoverretta, likar å arbeide praktisk og med relevant utdanning. Samarbeid og samhandling står høgt på agendaen i Gudbrandsdalsmusea, både internt og med andre kulturaktørar.

Du er dyktig på bygging av tillit og gode relasjonar. Du likar å motivere og spele andre gode, i tillegg til sjølv dra ein stor del av lasset. Drifta av museet omfattar eit godt og nært samarbeid med andre tilsette, friviljuge, eigarar og lag og miljø. Du trivest med administrativt arbeid og økonomistyring, og kommuniserer tydeleg og effektivt. Avdelingsleiaren har det faglege og administrative ansvar for utvikling av Lesja bygdemuseum.

Om musea

Lesja bygdemuseum øvst i Gudbrandsdalen er ei av fleire avdelingar i Gudbrandsdalsmusea. Sidan 1985 har bygdemuseet med hjelp av mange frivillige vore ein viktig arena for formidling av lokal handverks- og tradisjonskultur. Her finst og bygningsvernrådgjevar, historisk arkiv og magasin med kulturhistoriske gjenstandar.

Kvart år er ikring 150 frivillige i sving på museet. I dei småe stovene syner dei fram tradisjonskunnskap av alle slag: steiking av lefser og flatbrød, av tynnkake og skrivarbrød. Andre lagar sopelime eller dei driv med treskjering, dei strikkar og broderer – eller dei demonstrerer korleis ein kniv blir til. Dei som deltek er utøvarar frå heile Nord-Gudbrandsdalen. Aldersspennet er stort og inkluderer unge og eldre frå 15 til 98 år. Slik er museet og dei frivillige med på å sikre kulturarven for framtida.

Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. Museet formidlar kunnskap om materiell og immateriell kulturarv gjennom arkiv og utstillingar, kurs og foredrag. Frå Ringebu i sør til Lesja i nord og Skjåk i vest strekker museet seg over ni kommunar i Gudbrandsdalen. Museet har aktivitet i alle bygder i regionen og ei rekke avdelingar.

Levande kuturarv 

Gudbrandsdalsmusea er kulturelt samlingspunkt og møteplass for eit mangfaldig publikum. «Vern gjennom bruk» er berande strategi. Museet skal løfte kulturarven opp og fram gjennom at publikum sjølve kan ta del, til dømes gjennom kurs og foredrag, utstillingar og konsertar. Med eit vakent auga for både fortid, samtid og framtid i Gudbrandsdalen er kulturarven relevant og verdifull.

Gudbrandsdalsmusea bidreg til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling av museet og samfunnet gjennom internasjonale, nasjonale og eigne konkrete mål og satsingar.

Driftsselskapet Gudbrandsdalsmusea AS er eigd av kommunane i regionen. Avdelingane er eigde av historielag, eigarstiftingar og andre. I 2025 er det 13 tilsette i Gudbrandsdalsmusea. Dei tilsette er fordelte på avdelingar rundt om i heile Gudbrandsdalen.

 

KVALIFIKASJONAR: 

  • Relevant utdanning innan kultur- og tradisjonsfaga, eller anna relevant praksis
  • Erfaring med personalleiing, administrasjon og økonomi
  • Praktisk erfaring
  • Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
  • Førarkort klasse B

PERSONLEGE EIGENSKAPER: 

  • Inspirert og motiverande lagbyggjar 
  • Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
  • Kjennskap til Gudbrandsdalen er ein fordel

I GUDBRANDSDALSMUSEA FÅR DU:

  • Eit ope og triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein sentral og viktig kulturinstitusjon
  • Kontorstad på Lesja bygdemuseum
  • Fleksibel arbeidstid
  • God pensjonsordning i KLP

VILKÅR:

  • Fast stilling i 80 %
  • Løn etter avtale
  • Stillinga er omfatta av Offentlegheitslova og søkarlista er offentleg

SØKNADSFRIST: 

16. februar. Oppstart etter avtale.

SPØRSMÅL ELLER SØKNAD? KONTAKT:

  • Direktør Knut Aastad Bråten | Tlf 907 68 797

SØKNAD MED CV: 

knut.aastad.braten@gudbrandsdalsmusea.no

Om Gudbrandsdalsmusea

Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen med aktivitet i ni kommunar og ei rekkje avdelinger. Året rundt er Gudbrandsdalsmusea eit kulturelt samlingspunkt og møteplass for eit stort og mangfaldig publikum. 

«Vern gjennom bruk» er berande strategi for Gudbrandsdalsmusea sin forvaltning av levande kulturarv i heile dalføret. Musea driv besøkssenter, arkiv, samlingar og publikumsaktiviteter. Materiell og immateriell kulturarv blir ivareteke og formidla gjennom bygdemuseum, utstillingar, kurs, arkiv, magasin og foredrag.

  • Husflid. Ellen Syse med rokk i Bellestugu på Lesja bygdemuseum.
    1/8
    Knut Aastad Bråten
  • Lesja bygdemuseum
    2/8
    Knut Aastad Bråten
  • Live og Ragna Kolstad
    3/8
    Knut Aastad Bråten
  • Plantefarging på Lesja bygdemuseum.
    4/8
    Knut Aastad Bråten
  • Museumsbutikk
    5/8
    Knut Aastad Bråten
  • Husflid
    6/8
    Knut Aastad Bråten
  • Steiking av skrivabrød i Ulateigstugu.
    7/8
    Knut Aastad Bråten
  • Husflid i Bellestugu / Lesja bygdemuseum
    8/8
    Knut Aastad Bråten

Oppdag Gudbrandsdalsmusea

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2