Inngang: 150 kroner
Spelestad: Kjem seinare
Når: 26. november klokka 19.00
Då krigen var over, var den jødiske folkegruppa i Trondheim halvert. Dei få jødane som vende attende til byen, anten frå fangenskap eller flukt, stod no på mange vis heilt tomhendte. Eigedomar og eigedelar var tekne frå dei under krigen, og dette fekk dei heller ikkje attende etter frigjeringa. Dei som kom heim, opplevde samstundes stor sorg over alle dei som var borte. Mange jødar hadde eit ønske om å bygge opp att det jødiske miljøet i Trondheim etter krigen – sjølv om jødehatet framleis råda blant mange.
Nokre jødar tok sterkt del i atterreisinga av Trondheim etter krigen. Kanskje var attreisinga ein måte å fjerne seg frå minna om vondskapen? Andre att hadde problem med å distansere seg frå minna om råskapen. Felles for alle jødane var stilla om det dei hadde vore gjennom.
Kari Melhuus Jenssen har ein master i drama og teater frå NTNU. Gjennom intervju med tidsvitne og slektningar har ho laga ei framsyning som tek for seg jødane sin heimkomst til Trondheim i 1945.
Etter premiera i 2022 er Heimkomst spela meir enn 70 gonger kring om i landet – i kulturhus, skuler og andre arenaer, mellom anna gjennom Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken. Framsyninga tek 40 minutt og eignar seg for ungdom og vaksne.
Av og med: Kari Melhuus Jenssen
Lysdesignar og multiteknikar: Bjørnar Hestem Braastad
Musikk- og lyddesign: Aksel Adrian Langum Øien
Regiassistanse: Tore Vagn Lid
Sponsorar: NTNU, Fritt Ord, Jødisk museum i Trondheim, Aspaas-stipendet ved Trondhjems Historiske Forening, Nidaros Sparebank og Regjeringa sin handlingsplan mot antisemittisme.
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea saman med Sør-Fron kommune.
Velkommen!
- 1/3
Maja Fasting - 2/3
Maja Fasting - 3/3
Maja Fasting