Hopp til hovudinnhald

Therese Bertheau: Ei føregangskvinne i fjellet

Velkommen til foredrag om kvinnene på fjelltoppane.

Skjåk folkebibliotek Gudbrandsdalsmusea
08. april 2025
19.00 – 21.00

Det var ingen spøk å klatre med lange, subbande skjørt og med ein liten hatt på hovudet. Ikkje før rundt 1910 vart det akseptert at kvinner brukte bukser til turbruk. Therese Bertheau var ei føregangskvinne og den første kvinna på toppen av Store Skagastølstind.

Tysdag 8. april klokka 19.00 kjem Anne-Mette Vibe til Skjåk for å fortelje meir om den modige fjellkvinna. Vibe har vore tilsett som amanuensis på Norges idrettshøgskule og som overbibliotekar på Universitetet i Oslo. Ho har skrive mange artiklar om idrett og kvinner, og har gitt ut biografien om klatraren Therese Bertheau.

Fakta om foredraget:

Når: Tysdag 8. april kl. 19.00
Kvar: Skjåk folkebibliotek, Moavegen 30, 2690 Skjåk
Pris: Gratis! Enkel servering
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea, Skjåk turlag, Skjåk folkebibliotek, Norsk fjellsenter og DNT Gudbrandsdalen.

Velkommen!

  • Therese Bertheau
    1/1
    Ullén

På bilete: Therese Bertheau og Henning Tønsberg på veg til Store Skagastølstind.

Museum24:Portal - 2025.03.06
Grunnstilsett-versjon: 2