Hopp til hovudinnhald

Kurs | TREseminaret 2025

Vil du lære å lage eit instrument? Er du nyfiken på korleis ei korg av spon blir til?

NB! Arrangementet har funne stad
Hjerleid skole- og håndverkssenter Gudbrandsdalsmusea
22. – 27. april 2025
13.00 – 12.00

TREseminaret på Hjerleid på Dovre i Gudbrandsdalen tilbyr ei vifte av kurs innan tre og tradisjonshandverk. TREseminaret garanterer eit solid fagleg utbytte, og er ei anledning til å møte andre med same interesse.

På menyen finn vi kurs i korgmaking, langeleikmaking, lafting, skog- og materiallære og restaurering av vindauge. Det blir tur til utvalde kyrkjer i Nord-Gudbrandsdalen, konsert i Dovre kyrkje og mykje, mykje meir.

TREseminaret har og tilpassa opplæringstilbod for born og unge. Sjå på nettsida for meir informasjon.

Fakta om seminaret:

• Kvar og når: Hjerleid på Dovre / 22.–27. april 2025
• Påmelding: treseminaret.no
• Påmeldingsfrist: 22. mars

TREseminaret feirar 20 år i 2025. I år slår vi til med bygging av eit 20-årshus, som får plass i Bygningshistorisk park på Hjerleid. Husprosjektet blir til i tett samarbeid med arkitektfirmaet Snøhetta.

Seminaret er i veke 17 kvart år, og held på i ei heil veke. Kursa blir gjennomført på dagtid. Ettermiddag og kveld tek du del på ei rekke foredrag og sosiale happeningar. Lunsj og middag er inkludert i kursavgifta. Lunsjen et du på Hjerleid, middagen blir servert på Toftemo Turiststasjon, eit par kilometer nord for Hjerleid.

Arrangør: Senter for bygdekultur, Hjerleid skole- og håndverkssenter, Dovre handverkssenter, Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon og Gudbrandsdalsmusea.

  • Hjerleid
    1/5
  • Vindaugerestaurering
    2/5
    Studieforbundet Kultur og tradisjon
  • Kubbevegg
    3/5
    Studieforbundet Kultur og tradisjon
  • Samanføying
    4/5
    Studieforbundet Kultur og tradisjon
  • Korg
    5/5
    Studieforbundet Kultur og tradisjon

Sommarprogram i Gudbrandsdalsmusea - alle avdelingar:

Museum24:Portal - 2025.05.07
Grunnstilsett-versjon: 2