Når: 20. til 26. april
Kvar: Hjerleid / Dovre
Påmelding: www.treseminaret.no
Årets tema er «Berekrafta i treet, skogen og skogforvaltinga». Blant spørsmåla som blir teke opp er om vi har nok trevirke til å dekke behovet for restaurering av gamle hus, og korleis skogeigarane kan drive forvaltinga av skogen – på ein berekraftig måte for framtidige generasjonar.
Veteranar som Jon Godal, Steinar Moldal og Gjermund Andersen deltek saman med yngre profilar som Tor-Evert Grøndal Johansen (kjent frå programmet Der ingen skulle tru at nokon kunne bu) og treskjeraren Jon Anders Fløistad, som mellom anna har arbeidd med å kopiere Urnes-portalen og takryttaren på Borgund stavkyrkje.
Det blir praktiske kurs i bruk av tre – som spikking av kjøkkenreiskap, matboksar og trau. Kurs i vindaugerestaurering, lafting og restaurering av eit gamalt tømmerhus frå 17- og 1800-talet. Årets instrumentkurs er bygging av Kravik-lyre med Sverre Heimdal.
I tillegg byr TREseminaret på festmiddag, dans, lynkurs i gamaldans og spennande foredrag på kveldane. Det blir kyrkjesafari til utvalde kyrkjer – som i fjor. Nytt i år er gardssafari til verneverdige gardsbruk som er under restaurering. Det blir safari med transport, mat og prat.
Kvart år arrangerer vi Barnas TREseminar – ein festival i handverksaktivitetar for born. Barnas TREseminar er laurdag 25. april og blir arrangert av Norges Husflidslag.
TREseminaret er eit samarbeidsprosjekt mellom Hjerleidmiljøet (Senter for bygdekultur, Handverksskolen og Dovre handverksenter), Norges Husflidslag, Studieforbundet kultur og tradisjon og Gudbrandsdalsmusea.
For meir informasjon: www.treseminaret.no
- 1/1
TREseminaret