Oppmøte: Dombås stasjon
Når: Laurdag 30. mai kl. 11:00
For kven: Alle er velkomne!
Guide: Ragnar Sønstebø, Ola Tovmo og Hans Martin Lie
Pris: Gratis! Kaffe og kake vert servert.
Romanen Hekneveven har vevd seg inn i hjarta til folk over heile landet. Forfattar Lars Mytting har levandegjort historia om Hekne-systrene, to siamesiske tvillingar som var kjende for bileteveven sin. Men kvar ligg eigentleg Hekne? No har du sjansen til å bli med på oppdagingstur til Hekne på Dombås. Ragnar Sønstebø, Ola Tovmo og Hans Martin Lie vil fortelje om Hekne-systrene, minne frå krigsdagane og andre historier frå området.
Oppmøte på Dombås stasjon. Første stopp er på Ljoshaugen. Turen går vidare sørover langs ein gamal ferdselsveg forbi Gråberg og fram til Hekne, eventuelt vidare til Hjellykkja.
Turen er eit samarbeid mellom Lillehammer Museum Maihaugen, Gudbrandsdalsmusea og Dovre Historielag.
- 1/1
Maihaugen