Sollia krigshistoriske museum ligg på garden Amperhaugen i Sollia. Her har Jo Øvergård bygd opp ei imponerande samling av krigsminne frå Den andre verdskrigen. I tillegg er Jo ein svært dyktig formidlar.
Bussen går frå busshaldeplassen ved Circle K Tingberg i Øyer klokka 09.30, og frå busshaldeplassen ved Holmen bru på Tretten klokka 09.50.
På Venabygdsfjellet vil Jo Øvergård guide den siste stubben ned til Sollia.
Ankomst Amperhaugen litt over klokka 11.00. Vi tek med kaffi og biteti som blir spandert på det idylliske tunet. Er ikkje veret på vår side, tek vi kaffien på bussen.
Etter kaffien vil Jo vise oss rundt på museet. Det blir rikeleg tid til å sjå og oppleve museet på eigehand.
Avreise frå Amperhaugen cirka klokka 14.00. På heimturen tek vi ein rast på Lundes på Venabygdsfjellet. Her er det moglegheit for å kjøpe kaffi eller middag. Dette dekker den einskilde.
Kostnad: Turen med buss, kaffi og biteti samt inngang på museet er gratis for medlemmer i historielaget. Andre er hjarteleg velkomne til å bli med – og betalar kroner 200. Dette kan du vippse til 12957 eller betale kontant på bussen.
Påmelding: Svein Løken / 900 42 883 innan sundag 7. september. Turen kan bli avlyst ved liten påmelding.
Velkommen på tur!
Arrangør: Øyer og Tretten Historielag