Ullinsvin - den historiske prestegarden i Vågå - ligg fint til på ei lita høgde ved Vågåmo sentrum nær to andre kulturhistoriske sentrum, Vågå kyrkje og Jutulheimen Vågå bygdamuseum.
Ullinsvin gamle prestegard består av 13 bygningar, dei fleste freda. Her finn du galleri med samtidskunst, kulturhistoriske utstillingar, ei mengd arrangement - og du kan besøke den historiske prestegardshagen, som består av både urtehage, staudebed, rosebed, fjellhage og ulike tre og buskar.
Kunstnaren Edvard Munch hadde farsslekta si frå Ullinsvin, dei heldt til i prestegarden i over 80 år – og i dag ber kaféen på tunet sjølvsagt namnet Edvard.
Galleri Ullinsvin held til i prestegarden og inviterer kvart år til utstillingar med nokre av dei fremste kunstnarane i landet.
Gudbrandsdalsmusea er aktive i Ullinsvin med arrangement og utstillingar gjennom året, samt unik magasinsamling og to arkiv: Folkemusikkarkivet og Innlandsarkivet.
Lokalmatutsal finn du sommarstid i historiske Aurbu midt i tunet på Ullinsvin, ein særprega gardsbutikk med smaksrik og stuttreist lokalmat.
Museumsbutikk Galleri Ullinsvin finn du eit spanande utval av kunst, husflid, praktbøk og lokalt kvalitetshandverk.
Arkiv og samling. Gudbrandsdalsmusea tek i mot gjenstandar, foto og dokument for arkivering og oppbevaring i magasinet i Ullinsvin. I prestegarden finn du Folkemusikkarkivet for Nord-Gudbrandsdalen og Innlandsarkivet avdeling Vågå, Lom og Sel.
UTLEIGE
Ta kontakt viss du ynskjer å leige Ullinsvin til selskap eller konsert.