Velkommen til ein samtale om ungdomstid, identitet og tilhøyr!
Ungdata har i fleire år peikt på utfordringane for innlandskommunane med høge mobbetal i skulen og elevar som slit med rus og mentale plager. Rapportane viser at dei fleste ungdommane i Innlandet stort sett har det bra, men at ikkje alle trivs korkje på skulen eller i nærmiljøet sitt. Mange peikar på streng sosial kontroll, lite rom for annleisheit og at det er krevjande å «finne gjengen sin». Særleg utsette er jentene. Når ein ikkje trivast på skulen, er sjansane for fråfall stort. Dropout-problematikken er høg i vårt distrikt, særleg gjeld dette for gutane.
Dette og meir til ynskjer vi å gå i djupa på i ein open samtale mellom tre unge døler, ein psykolog og ein helsesjukepleiar. Dei som har takka ja til å vere med er:
Skuleelev Johanna Matre Rognerud
Skuleelev Sigrid Avdem
Skuleelev Eivind Maurstad Husom
Helsesjukepleiar Synnøve Harerusten
Psykolog Helene Toxe
Den som skal leie samtalen er journalist i GD Kari Utgaard
Rammene for samtalen ser slik ut:
19.00: Velkommen og kort presentasjon
19.10: Samtale
20.00: Kveldsmat/eller noko anna
20.15: Spørsmål og refleksjon frå frammøtte
Kvar: Aktivitetshuset på Otta / Johan Nygårdsgate 17
Når: Torsdag 24. april klokka 19.00
For kven: Alle
Inngang: Gratis
Arrangementet blir til med økonomisk støtte frå Fritt Ord
Arrangør: Gudbrandsdalsmusea
- 1/2
Kari Utgaard GD - 2/2
Cathrine Dokken