Hopp til hovudinnhald

Utstilling | Otto og sykkelen

Som liten vart han ramma av polio. Funksjonshemminga prega barndommen sterkt, men Otto nekta å la det definere livet sitt. Historia om skomakaren og sambygdingen Otto er ei historie om utanforskap, men også om vegen inn.

Lesja bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
18. juli – 15 .aug. 2026

Historiene vi fortel, er ofte dei historiene som vil bli fortalde. Om dei som går først, set spor, dei vi ynskjer å spegle oss i. Eller så er det dei store tragediane. Dei fleste av oss går under radaren, blandar oss i mengda, stikk oss ikkje ut.

Otto Ekren hadde aldri eit ynske om å stikke seg ut. Tvert om. Han levde eit kvardagsliv, som skomakar i ei bygd som handsama han som alle andre. Som slektning og ven, sambygding og kamerat. Men sjølv om han ikkje ville stikke seg ut, så gjorde han det likevel. I Lesja sette han spor etter seg som framleis blir prata om. Otto var eit barn med særskilde behov i ei tid der ingen rettar fanst. Livet lærte han om trass og styrke og stoltheit. Livet gjorde han også til ein mild mann med kjærleik til folk og bygd.

Historia om Otto fortel kanskje også noko viktig om Lesja, om eit samfunn i utvikling og om oss. Historia om Otto er ei historie om utanforskap, og om vegen inn. Maktar vi å gjera denne vegen litt mindre krunglete og bratt?

///

Kvar: Tunstugu / Lesja bygdemuseum 
Når: Opning laurdag 18. juli. Utstillinga er oppe fram til 15. august. Tysdag til sundag: 11.00–15.00. Laurdag: 11.00–16.00. Måndag: Stengt
Tekst: Alice Gudheim
Foto: Nye foto frå verkstad i Oslo, av Signe Fuglesteg Luksengard. Historiske foto i privat eige
Design: Björk Bjarkadottir / Interface Media
Språkvask: Aud Søyland

Utstillinga blir til med støtte frå Fritt Ord, Lesja kommune og SpareBank 1 Lom og Skjåk

  • Otto Ekren
    1/4
  • Otto Ekren
    2/4
  • Otto og sykkelen
    3/4
    Signe Fuglesteg Luksengard
  • Otto og sykkelen
    4/4
    Signe Fuglesteg Luksengard