Gudbrandsdalsmusea opnar 20. juni to nyskapande utstillingar om bygningsarv. Målet med utstillingane er å løfte medvitet om bygningsarven som ressurs og kjelde – til vidare inspirasjon. Korleis kan ei utstilling om bygningskulturen vere med å inspirere til og vidareutvikle ny design, ny arkitektur, nytt formspråk? Og korleis kan vern og gjenbruk vere eit skjold mot eit eskalerande forbrukssamfunn?
Kvar: Ullinsvin Vågå Prestegard
Når: Utstillingsopning klokka 14.00 i Fjoset. Etter opninga blir det vandring til utstillinga i Vågå sentrum
///
SPOR / TRE er ei vifte med fleire tiltak – både utstillingar og anna:
I utstillinga SPOR / TRE midt i Vågå sentrum kjem du tett på treverk og verktøy – og menneska. Her er bidrag frå museets eigne samlingar, frå elevar på Hjerleid handverksskule, frå elevar i Vågå skule og Heidal skule, frå kunstnar Gunvor Nervold Antonsen, tømrar Kjetil B. Løkken og Trehuseksperten og filmselskapet Bortelaget – alt ramma inn i tekstar av Alice Gudheim.
Den anerkjente biletkunstnaren og fotografen Line Bøhmer Løkken stiller ut poetiske og sterke foto i Ullinsvin i Vågå under tittelen FLATRØSTA HØGREIST. Løkken har vakse opp med folk med godt handelag: Broren Kjetil er tømrar. Far hennar smir, snikrar og løyser alle slags praktiske oppgåver. «Båe syner stor omsorg for materialane og kunnskapane om arbeidet», seier Line. Med dette som bakteppe har Line Bøhmer Løkken gjeve seg i kast med bygningsarven gjennom fotografiet.
I båe utstillingane kjem du tett på historia og forteljingane om einskildmenneske og levd liv. Med utstillingane ynskjer vi å gje plass til minna og forteljingane om dei som har levd før oss, men òg bygningsarv som forankringspunkt og ramme om identitet og tilhøyr – i dag.
///
Prosjektet SPOR / TRE legg opp til eit breitt sett av tiltak – og samarbeid. I 2025 og 2026 har vi gjennomført kurs og utprøving saman med skuleelevar, handverkarar og bedrifter, vi har skipa til føredrag og ekskursjonar til gardsanlegg og attgrodde plassar.
Utstillinga blir til med økonomisk støtte frå Sparebankstiftelsen og Innlandet fylkeskommune
Kontakt:
Kirsten Visdal / kurator / 952 23 361
Knut Aastad Bråten / direktør / 907 68 797
- 1/7
Line Bøhmer Løkken - 2/7
Line Bøhmer Løkken - 3/7
Pressefoto - 4/7
Line Bøhmer Løkken - 5/7
Line Bøhmer Løkken - 6/7
Line Bøhmer Løkken - 7/7
Pressefoto