Hopp til hovudinnhald

Utstillingsopning | De kvinnelige polarheltene

NB! Arrangementet har funne stad
Ullinsvin Vågå prestegard
Øvre Nordheradsvegen 4 2680 Vågå
25. sep. 2025
19.00 – 21.00

DE KVINNELIGE POLARHELTENE

Utstilling om skinn og klede av Sofie Kleppe

Kvar | Låven, Ullinsvin
Når | 25. september, kl. 19.00

Roald Amundsen hadde neppe vore den fyrste på Sydpolen dersom han ikkje hadde hatt på seg varme klede. Han fekk hjelp av samar og inuittar til å lage varme klede av skinn og pels.

Dette er noko som Sofie Kleppe har utforska som stipendiat i garvarfaget ved Norsk Håndverksinstitutt. Resultatet av forskinga blir vist i utstillinga på Låven i Ullinsvin i haust. Utstillinga handlar om skinn, garving og klede, og Sofie vil vise bilder og fortelje om jakta på kunnskap og møte med tradisjonsberarar på Grønland og i Finnmark.

  • Sofie Kleppe
    1/1
    Privat