I notida er det ein trend at fleire vender attende til å reparere eigne klede. Gjerne med eit synleg avtrykk, som ein motreaksjon mot tekstilindustrien og bruk- og kastsamfunnet. I tidlegare tider handla bøting og reparasjon om å sjå nytte av brukte plagg til andre formål, om optimal ressursbruk under tronge kår, om måtehald og godt handverk. Korleis held vi oss til desse perspektiva i dag?
I Presthaugen i Lom kan du i sommar oppleve historiske plagg i møte med moderne tekstil, slik dei blir reparert i dag.
Inngang: Gratis!