Hopp til hovudinnhald

Vågåkyrkja er ope dagleg 22. juni - 10 august*

INNGANG OPE KYRKJE  | Dagleg 10:00 - 16:30*
Vaksne: 70,- 
Student/honnør: 50,- 
Born: 5 -15 år: 30,- 
Familie: 200,-

Folk busett i Vågå: Gratis inngang

OMVISING VÅGÅ KYRKJE  |  Dagleg 13:00* 
Vaksne: 100,- 
Student/honnør: 70,- 
Born: 5 -15 år: 30,- 
Grupper: 80,- per person

Oppmøte ved hovuddøra 

* Vågåkyrkja er stengd onsdagar og fredagar

PRIVAT OMVISING
Minstepris 600,- for omvising etter avtale

TILKOMST
Vågåmo, 2680 Vågå

KONTAKT
Kyrkjekontoret ved Johanne Krogstadmo tlf 952 42 210

Vågåkyrkja

Vågåkyrkja vart bygd i åra 1625-1630 av Werner Olsen med bygningsdelar datert attende til stavkyrkje frå 1150.

Grunnplanen til Vågåkyrkja er krossforma, og konstruksjonen er i reisverk. Byggjemåten liknar den som på meisterleg vis er nytta i dei gamle stavkyrkjene, men er gjort enklare. I tillegg til dei utskorne veggplankane og sørportalen er mesteparten av veggplankane i skipet og tverrskipet material som har vore nytta før.

Utvendig så syner kyrkja seg i hovuddrag slik ho såg ut da Werner Olssen bygde henne. Men sakristiet av lafta tømmer på nordsida av koret vart bygt seinare i same hundreåret. I samband med eit større restaureringsarbeid i 1914 vart kyrkja grundig restaurert og istandsett.

Benkevangane slik dei står i dag, er med unntak av to, skorne og måla av Ragnvald Einbu under restaureringsarbeidet i 1914. Golvet i kyrkja vart vølt i 1914 og 1976, siste gongen vart det lagt nytt golv i store delar av kyrkja. Under kyrkja var det likkjellar fram til 1860.

  • Vågå kyrkje
    1/4
  • Vågå kyrkje
    2/4
  • Vågå kyrkje
    3/4
  • Vågå kyrkje
    4/4
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2