Hopp til hovudinnhald

Vandreforedrag | John Selsjord

Bygningsvern og arbeid med bygningskultur er ei stor og viktig oppgåve i Gudbrandsdalsmusea og Nord-Gudbrandsdalen.

NB! Arrangementet har funne stad
Lesja Bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
27. juli 2024
13.00 – 14.00

Fleire dyktige handverkarar og miljø er med på å sikre kunnskap og varetaking – mellom dei John Selsjord frå Lesja. Han er ein stor kapasitet på eldre bygningskultur, både som rettleiar for studentar på tradisjonelt bygghandverk på NTNU og som sjølvstendig næringsdrivande.

Denne dagen tek Selsjord med besøkande på vandring mellom laft og nov på Lesja bygdemuseum. Selsjord fortel om bygningskulturen i denne delen av Gudbrandsdalen, om påverknad og trendar gjennom tidene – og kva som skal til for sikre bygningskulturen for framtida.

Inngang: Gratis for alle som har løyst billett på Lesja bygdemuseum.

  • John Selsjord
    1/1
    Knut Aastad Bråten
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2