Husmannsvesenet vaks særleg fram på slutten av 1700-talet og langt ut på 1800-talet. På det meste var det 90 000 husmenn i landet. Fleire plassar vart kjøpte fri, andre kom inn att under garden.
Plassen Sjåheim ligg på vestsida av hovudsoknet og var i si tid husmannsplass under prestegarden. Plassen vart sjølveige i 1919. Iver Sjåheim (1905–1973) var den siste som budde her.
Målet med turen er å lære meir om husmannsvesenet og folka som budde her. Korleis var kvardagen for husmannsfolket på Lesja den gongen? Med på turen er lokal kjentmann Torbjørn Torstad og Håvard Syse frå Gudbrandsdalsmusea.
Inngang: Gratis for alle som har løyst billett på Lesja bygdemuseum.