Hopp til hovudinnhald

Vandreforedrag | Per Jordhøy

Bli med på vandring i kulturlandskapet på Lesjaleira. Tema for vandringa er landbruket og faunaen omkring. Kva lever i trea og i slåttemarka, i elva og i skogen? Korleis påverkar landbruket livet mellom slåtteenga?

NB! Arrangementet har funne stad
Lesjaleira Lesja Bygdemuseum
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Norge
22. juni 2024
13.00 – 14.00

Vert for turen er naturrådgjevar og forfattar Per Jordhøy, som har stor kunnskap om det biologiske mangfaldet. Per er frå Lesja, har arbeidd som rådgjevar ved NINA, Norsk institutt for naturforsking, og er busett på Linesøya i Trøndelag. Han har ein omfattande produksjon av bøker, fagartiklar og fagrapportar om villrein og fjellnatur, og også lokalhistoriske artiklar i Årbok for Lesja historielag og Årbok for Gudbrandsdalen.

Oppmøte på Lesja bygdemuseum.

Inngang: Gratis for alle som har løyst billett på Lesja bygdemuseum.

  • Lågen
    1/1
    Knut Aastad Bråten
Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2