Laurdag 3. oktober blir det Veddrock på Lesja bygdemuseum – ein dag for å heidre sauen, sauehaldet og landbruket. Hovudattraksjonen er kåringa av den beste vedden (væren), men dagen byr på mykje meir. I tillegg til utstillarane blir det:
- Open museumsbutikk
- Servering av fårikål ved Lesja bygdekvinnelag
- Føredrag med Fjøssystemer
- Leik og moro med bygdeungdomslaget
- Fest på Friheim seinare på kvelden med Kim og Ola. Billettar kjøper du her:
Når: Laurdag 3. oktober frå klokka 10.00
Kvar: Lesja bygdemuseum / Bygdatunet
Vel møtt!
Arrangørar: Lesja sau og geit, Lesja og Lesjaskog bondelag, Lesja bygdemuseum, 2012-klassa på Lesja skule, Lesja bygdekvinnelag, Lesja Dovre bygdeungdomslag og Husflidslaget i Lesja
- 1/1
Dessy Dimcheva