Menneske har ikkje røter, men føter. Det gjev oss moglegheit til å sjå framover – men òg til å vende blikket bakover, til vår eiga fortid, til oldemor og oldefar og plassen der dei ein gong vaks opp.
Historiske kjelder er spennande materiale. Dei gjev oss overblikk og innblikk – over bygdesamfunn, gardar, slekt og årstal. Dei er som titteskåp og døropnarar inn i vår nære og fjerne fortid. Ei kyrkjebok eller ei ættesoge – båe er viktige bidrag til forteljinga om både Noreg – og deg.
I ei verd med auka globalisert informasjonsstraum søker fleire kunnskap og erfaring frå fortida. Dette kan vere dokumentasjon om slekt, kvardagsliv og lokale kulturtradisjonar, men også ukjende historier om minoritetar eller emne som det knyter seg tabu til. Ved å løfte fram mangfaldet av historier ynskjer Gudbrandsdalsmusea å auke forståing for kvarandre, samhald og relasjonar mellom generasjonar og ei styrkt identitetskjensle.
I arkiva finn du manuskript frå 1600-talet, oversikt over lokale slekter, matoppskrifter, bøker, tidsskrift, gardsrekneskapar, protokollar frå lag og foreiningar, brev, foto, video, lydopptak og mykje meir. Mykje av dette er registrert i Arkivportalen eller er publisert på Digitalt Museum. Vi er også oppteken av å ta vare på historia i samtida, og er stadig på dokumentasjonsoppdrag i lokalområda.
Ei kyrkjebok eller ei ættesoge – båe er viktige bidrag til forteljinga om både Noreg – og deg.
- 1/8
Hestekar - 2/8
- 3/8
Digitalt Museum - 4/8
- 5/8
Ukjend - 6/8
Mor med barn Ukjend - 7/8
- 8/8