- 1/4
- 2/4
Per Gunnar Hagelien - 3/4
- 4/4
Per Gunnar Hagelien
I Olavs fotspor
Gudbrandsdalsleden var hovudvegen til Nidaros i mellomalderen. Gå i råket til tusenar av pilegrimar, og la deg inspirere av eit mangfaldig og variert natur- og kulturlandskap.
Gudbrandsdalsleden strekk seg frå Oslo til Trondheim, med 643 km godt merka sti i variert landskap. Langs leden kan du oppleve nydeleg kulturlandskap langs Mjøsa, overnatte på historiske gardar i Gudbrandsdalen, vandre over mektige Dovrefjell og nyte stillheita i frodig trøndelagsnatur. Ei pilegrimsvandring gjer noko med deg. Å vandre frå Oslo til Trondheim og Olav den heilage si gravkyrkje er ei oppleving for livet.
Det er tilrådd å gå Gudbrandsdalsleden mellom 1. juni og 1. september. Går du utanfor denne tida, risikerer du at stiane er dekka av snø og smeltevatn, og overnattingsstadene kan vere stengde.
Gudbrandsdalsleden har eit uttal kulturminne å by på, mange av dei ligg tett ved leden. Du vil sjå gravminne, historiske stader, vakre kyrkjer og bevarte bygningar frå mellomalderen.
Gudbrandsdalsleden gir deg også nærkontakt med arven etter Olav den heilage. Olavskjelder er mange av, og desse skulle ha helande verknad.
Langs leden finn vi dei historiske stadene St. Hallvardskatedralen, Bønsnes, Granavollen, Hamardomen og Dale-Gudbrands Gard. Fleire av stadene er relatert til sagaen om Olav Haraldsson, seinare Olav den heilage.
Opningstider og anna
SOMMAR 10. JUNI TIL 1. SEPTEMBER
Alle dagar: 08.00–18.00
VINTER 1. SEPTEMBER TIL 9. JUNI
Vekedagar: 09.00–16.00, eller etter avtale
OVERNATTING
Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands Gard har overnatting med sjølvhushald for kroner 350,- per person. Delt dusj og toalett. Gratis internett. Vaskemaskin.
TILKOMST
Pilegrimssenteret på Dale-Gudbrands Gard, Hundorpgeilen 12, 2647 Sør-Fron